Skip to the content
}

Penny Johnson

Penny Johnson (f. 1947, Japan), er ein forskar og forfattar busett i Ramallah. Ho var med på å grunnlegge instituttet for Women’s Studies ved Birzeit University i Palestina. 

Saman med ektemannen Raja Shehadeh (som også deltek på LitFestBergen 2020) redigerte ho Seeking Palestine: New Palestinian Writing on Exile and Home, som fekk hovudprisen i Palestine Book Awards 2013. Ei ny essaysamling, Shifting Sands: The Unravelling of the Old Order in the Middle East, kom ut i 2015.

Den nyaste utgjevinga hennar, Companions in Conflict: Animals in Occupied Palestine (2019), ser på den israelsk-palestinske konflikten frå ein overraskande synsvinkel: Dyra som prøver å overleve i dei okkuperte landområda.

Del Innhald