Skip to the content
}

Mazen Maarouf

Raphael Lucas

Mazen Maarouf (f. 1978, Libanon) er ein islandsk-palestinsk forfattar. Den første novellesamlinga hans blei i 2019 nominert til Man Booker International-prisen.

Han blei født inn i ei palestinsk flyktningfamilie i Beirut, der han arbeidde som naturfagslærar før han flytta til Island. Maarouf er no kjend som den fremste omsetjaren av islandsk litteratur til arabisk. 

Hans eigne utgjevingar omfattar mellom anna tre diktsamlingar, den første av dei med tittelen Our Grief Resembles Bread (2000). Han har skrive artiklar til fleire arabiske tidsskrift og aviser, og gav i 2015 ut ei novellesamling. Den engelske omsetjinga av samlinga, Jokes for the Gunmen, blei nominert til Man Booker International-prisen i 2019. 

Bøkene til Maarouf har blitt omsette til ei rekke språk. Han deler tida si mellom Reykjavik og Beirut. 

Del Innhald