Skip to the content

Dato: 15.02.2019

Tid: 12.00 - 12.45

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 100/70 (stud.)

Kjøp Billettar

Verdsangsten

Migrasjon, økonomisk uvisse, risiko for terror og klimakatastrofar: Kva om det ikkje var dette, men angsten for det, som definerte vår tid? Det er tesa til den tyske sosiologen Heinz Bude, som har fått stor internasjonal merksemd for verket The Society of Fear. No kjem han for første gong til Noreg for å halde eit foredrag basert på den mykje diskuterte boka.

Det er mogleg å kjøpe og ete lunsj frå Colonialen under foredraget, som vil vere på engelsk.

Foredrag: 100/70,– (stud)

Foredrag med mat: 255/225,– (stud) (Foredrag med mat må bestillast innan kl. 9 same dag som arrangementet)

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.

Del Innhald