Skip to the content
Sara Mac Key

Dato: 16.02.2019

Tid: 16.00 - 16.45

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 100/70,– (stud)

Kjøp Billettar

Naturen og eg

I det mektige dikteposet Ædnan, som i vinter blei løna med den svenske, høgthengande Augustprisen, skriv Linnea Axelsson samefolkets historie. Det er ei historie prega av undertrykking og tvang, men òg av eit forhold til naturen som er ulikt det vi kjenner frå majoritetskulturen i Skandinavia. Korleis har naturen forma den samiske identiteten? Og korleis kan litteraturen formidle naturens verdi?

Axelsson møter litteraturvitar og journalist Astrid Hygen Meyer til samtale.

Samtalen vil vere på svensk/norsk.

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.

Del Innhald