Skip to the content
Øystein Klakegg

Dato: 16.02.2019

Tid: 12.00 - 13.00

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 70/50,- (stud.)

Kjøp Billettar

Lesing: Svar på brev frå Helga

Romanen Svar på brev frå Helga av Bergsveinn Birgisson består av kjærleiksbrev frå ein gammal mann på Island. Boka, som blei nominert til Nordisk råds litteraturpris, blir sett opp av Hordaland teater i 2019. Skodespelarane Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen kjem til LittfestBergen for å lese eit utdrag frå boka.

Etter lesinga snakkar forfattar Bergsveinn Birgisson og teatersjef Solrun Toft Iversen om adaptasjon frå roman til scene. Samtalen blir leia av Eivind Riise Hauge.

Programpost i samarbeid med Hordaland teater.

Samtalen vil vere på norsk.

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.

Del Innhald