Skip to the content
Maria Gossé

Dato: 16.02.2019

Tid: 20.00 - 21.00

Stad: Auditoriet

Pris: Heilhusbillett 250/190,– (stud)

Kjøp Billetter

Kvardag

«Gjennom heile oppveksten i dei kvite heimane kalla dei oss negerbarna.» I debutboka Eg snakkar om det heile tida spør Camara Lundestad Joof seg sjølv: Korleis var det eigentleg? Blei ho kalla svarting eller nigger? Blei ho slegen av den gamle dama, eller hugsar ho feil? Bør ho slutte å bry seg, slutte å snakke om det? «No er du svært sensitiv, vennen min, vi meiner jo ikkje noko vondt med det.»

Etter ei framsyning frå boka, møter Camara Lundestad Joof forskar og forfattar Kristina Leganger Iversen til samtale.

Samtalen vil vere på norsk.

Heilhusbillett for laurdag kveld 250/190,– (stud)

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.

 

Del Innhald