Skip to the content
Shevaun Williams

Dato: 15.02.2019

Tid: 18.15 - 19.15

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 100/70 (stud.)

Kjøp Billetter

Kva seier reven?

Kva er eksil, eller korleis skrive, kan vise seg å vere to sider av det same spørsmålet, i alle høve i hybridromanen Fox. I denne boka trekker den kroatiske forfattaren Dubravka Ugrešić vekslar på litteraturteori, europeisk og russisk historie – samt nokre innsikter om reven – i eit forsøk på å seie noko om kva litteraturen kan og bør vere i dag.

Ugrešić snakkar med professor i litteraturvitenskap Daniel Medin om forholdet mellom essayistikk og skjønnlitteratur, og kva lesing har å seie for skrivinga.

Samtalen vil vere på engelsk.

100/70,- (stud.)

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.

Del Innhald