Skip to the content
Erik Christensen/wikimedia: CC BY-SA 3.0

Dato: 15.02.2019

Tid: 16.00 - 16.45

Stad: Olav H. Hauge

Kva gjer vi med oljemilliardane?

8317 milliardar er summen vi nordmenn eig i oljefondet. Ein og ein halv million på kvar og ein av oss. Har du og eg ansvar for korleis desse pengane blir investerte?

Ja, meiner samfunnsøkonom Camilla Bakken Øvald. Nordmenn har for lite kunnskap om det enorme fondet vårt og korleis det påverkar liva våre, politikken Noreg fører og vår identitet som nordmenn, hevdar ho. Bakken Øvald møter førsteamanuensis ved NHH, Torfinn Harding, til ein samtale om alle pengane – og kva som er likskapen mellom oljefondet og George Clooney.

Programposten er eit samarbeid med NHH, og vil vere på norsk.

Gratis

Del Innhald