Skip to the content
Eva Lene Gilje Østensen/Helge Skodvin

Dato: 16.02.2019

Tid: 21.15 - 22.15

Stad: Olav H. Hauge

Pris: Heilhusbillett 250/190,– (stud)

Kjøp Billettar

Finst fantasien framleis?

Midt i bølga av forfattarar som skriv med utgangspunkt i si eiga historie, er det mogleg å leite fram nokre som framleis stoler på fiksjonens kraft. Blant dei er bergensforfattarane Pedro Carmona-Alvarez og Gunnhild Øyehaug. Kvifor skriv dei som dei gjer? Synest dei at kollegaene er modige, eller berre fantasilause? Og blir dei nokon gong leie av å skulle finne på ting?

Carmona-Alvarez og Øyehaug møtest til ein humoristisk samtale om den sjølvbiografiske bølga sett (nesten) frå utsida. Samtaleleiar er Mona B. Riise.

Samtalen vil vere på norsk.

Heilhusbillett 250/190,– (stud)

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.

Del Innhald