Skip to the content

Dato: 16.02.2019

Tid: 17.30 - 18.30

Stad: Auditoriet

Pris: 100/70,– (stud)

Kjøp Billetter

Eit nytt språk, ein ny identitet

For Xiaolu Guo var det å komme til Storbritannia i ein alder av nesten tretti år som å bli fråteken all kunnskap om lesing og skriving. Ho, som jobba som forfattar, var med eitt som ein analfabet. Fem år seinare gav ho ut si første bok skriven på engelsk, og har sidan gitt ut ei rekkje kritikerroste bøker omsette til 28 språk, den nyaste er memoarboka Once Upon a Time in the East (2018).

I denne samtalen med litteraturredaktør i danske Information, Peter Nielsen, fortel ho om oppvekst i Kina, om språk og identitet – og om kor overvurdert engelskspråkleg litteratur er.

Samtalen vil vere på engelsk.

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.

Del Innhald