Skip to the content
Teresa Grøtan

Dato: 16.02.2019

Tid: 16.00 - 16.45

Stad: Alver

Pris: 100/70 (stud.)

Kjøp Billetter

Ein forbanna familie

Kva som formar historia til eit land og ein familie, avheng av kven som skriv ho. Jennifer Makumbis kritikerroste debutroman Kintu følger ei ugandisk slekt frå 1750 og fram til i dag. Med si framstilling av Uganda gjennom nesten 300 år, blir Kintu hylla som «Den store ugandiske romanen» – utan at Idi Amin og dei britiske kolonistane får særleg mykje plass.

Jennifer Makumbi møter afrikakjennar og journalist Tomm Kristiansen til samtale om Uganda, litteratur og kven som har makt over historia.

Samtalen vil vere på engelsk.

100/70,- (stud.)

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.

Del Innhald