Skip to the content
Tale Hendnes/Art Paxton

Dato: 16.02.2019

Tid: 17.00 - 18.00

Stad: Alver

Pris: 100/70,- (stud.)

Kjøp Billettar

Ei kvit historie

Omgrepet «rase» handlar ikkje berre om biologi, men også om klasse, kjønn og skjønnheitsideal, meiner den amerikanske historikaren Nell Irvin Painter. Med boka The History of White People, som blei ein bestseljar i USA då den kom ut, undersøker ho korleis raseomgrepet blei danna, og spør kva som gjer at nokon kan eller ikkje kan bli definert som «kvit».

Forfattar Kristina Leganger Iversen har forska på omgrepet kvitheit i skandinavisk litteratur. Ho intervjuar Painter om kva det eigentleg vil seie å vere kvit. Etter samtalen blir det opna for spørsmål frå salen.

Samtalen vil vere på engelsk.

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.

Del Innhald