Skip to the content
Norskmannen © Oddvar Torsheim / BONO 2019

Dato: 14.02.2019

Tid: 21.00 - 21.45

Stad: Auditoriet

Pris: 130/90,- (stud.)

Kjøp Billettar

Aust mot vest – kven er best?

Finst det «typisk austlandsk» litteratur? Er vestlandsk litteratur så tvisynt at det berre blir tåke igjen? Kven gjer seg vanskeleg og kven er påståeleg? Er den austlandske litteraten berre ein sjølvhøgtideleg småborgar? Og, viktigast: Kven er best?

LittfestBergen inviterer til litterær battle mellom vestlendingen Frode Helmich Pedersen og austlendingen Siss Vik, med den austlandske vestlendingen Trond-Viggo Torgersen som ordstyrar og dommar.

Arrangementet blir på norsk.

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.

Del Innhald