Skip to the content

Vil du jobbe som frivillig?

Bilde av Litteraturhuset i Bergens fasade

Du får ny erfaring, gratis billettar og sjansen til å oppleve LittfestBergen frå innsida.

Som frivillig på festivalen bidreg du til å skape ei uforgløymeleg festivaloppleving for publikum, forfattarar og samarbeidspartnerar.

Vi treng driftige personar som vil gjere ein innsats under festivalveka 14.–17. februar 2019. Vi har fleire spennande roller å velje mellom, mellom anna publikumsvert og gjestevert. Vi reknar tre arbeidsdagar (tre vakter på ca. 5 timar kvar) for alle frivillige.

Som takk for innsatsen får du:

- To fribillettar til enkeltarrangement og fri tilgang til alle arrangement som har ledig kapasitet ved arrangementsstart

- Attest for fullført arbeid ved førespurnad sendt innan 1.mars 2019

- Lett servering av mat og drikke i løpet av vakta

For å melde deg som frivillig, fyll ut dette skjemaet: Bli frivillig

Vi set stor pris på at du vil bidra til LittfestBergen.

Våre grupper for frivillige:

Publikumsvert

Er du i stand til å spre humør og energi? Er du ein kreativ innhaldsskapar som likar å jobbe med sosiale medium? Vil du høyre på forfattarane medan du jobbar?

Som publikumsvert vil du ønske publikum velkommen ved inngangen, sjekke billettar, syne vegen til seta og ved spørsmål informere om fasilitetar og tidsplanen for programmet. Du vil hjelpe til med å førebu scena for arrangementet om nødvendig, og dokumentere festivalstemninga undervegs i programmet.

Gjestevert

Er du kommunikativ, fleirspråkleg, godt kjent i byen og trivast i vertskapsrolla?

Som gjestevert vil du møte gjestene på flyplassen, gi informasjon og syne dei til vidare transport inn til sentrum. Du vil også ta imot gjester i festivalresepsjonen på hotellet, dele ut akkrediteringar, formidle informasjon og svare på spørsmål.

Frivillig velferd

Er du serviceinnstilt og trivast i hektiske omgivnadar? Er du ein skikkeleg allrounder som gjerne vil ta vakter av litt forskjellige slag gjennom festivalen?

Som ein del av den frivillige velferdgruppa vil du hjelpe til overalt der frivillige er på jobb. Du vil assistere fleire lag gjennom ei vakt, erstatte ein annan frivillig ved behov, og elles hjelpe når ei viktig oppgåve må gjerast veldig raskt.

Festivalidentitet

Er du glad i vere utandørs og god med verktøy? Er du kommunikativ og glad i spørsmål?

Som del av denne gruppa vil du henge opp plakatar, skilt og liknande før festivalen. Du vil dele ut brosjyrer eller anna reklamemateriale. Denne jobben skjer for det meste før festivalen og ein kan fordele arbeidet på korte vakter.

Del Innhald