Skip to the content
}

– Ugandarar er dritleie av å lese om Idi Amin

Mark Rusher

Jennifer Nansubuga Makumbi droppar med vilje det meste av kolonitida og Idi Amins regime i sin historiske roman om Uganda.

I den prisløna romanen, Kintu (2017), skriv Jennifer Nansubuga Makumbi fram Ugandas historie gjennom Kintu-klanen, ein familie som har ein forbannelse hengande over seg.

Årsaka til at ho valde å skrive ein historisk roman om landet var eit ønske om å utforske Ugandas historie og framtid, seier Makumbi.

– Eg ville snakke med ugandarane om fortida vår, spesielt kva den betyr for framtida.

– Eg ville også syne verda at det er meir ved Ugandas historie enn krig, Idi Amin, aids og homofobi, seier ho.

Droppar det meste av kolonitida

Ei bokmelding av Kintu i the Guardian peikar på at Makumbi for det meste unngår å skildre kolonitida, som ofte er ein del av den historiske afrikanske romanen, og Idi Amins regime, som ofte verkar påkrevd i den ugandiske romanen.

Å styre unna desse temaa var den klare intensjonen, seier Makumbi.

– Eg droppa desse temaa med vilje fordi lesarar, særleg vestlege, ville ha soge seg fast i dei og ignorert alt anna.

– Når det gjeld ugandarar, så er dei dritleie av å lese om Idi Amin.

Kjempe seg fri

Kintu fortel historia om Kintu Kidda, som i år 1750 reiser mot hovudstaden for å sverge truskap til den nye leiaren av Buganda-riket. På vegen slepp han laus ein forbannelse som skal plage familien hans i generasjonar.

I romanen får lesarane høyre historia til Kintus etterkommarar som prøver å kjempe seg fri frå byrden fortida deira utgjer.

Å flette saman desse historiane var det mest krevjande ved å skrive Kintu, seier Makumbi.

– Å bygge opp desse ulike karakterane, gi dei ulike personlegheitar og eigne historiar, men framleis kople dei saman, var temmeleg utfordrande.

I februar kan du møte Jennifer Nansubuga Makumbi på LittfestBergen, der ho vil fortelje meir om den prisløna romanen.

Du kan kjøpe Kintu i Boksalongen, Litteraturhusets eigen bokhandel.

Del Innhald