Skip to the content

Opnar opp mot verda

Portrett av festivalsjef Teresa Grøtan

– Vi har eit klart mål om å bryte litterære grenser, seier festivalsjef Teresa Grøtan.

–  På festivalen vil publikum vil møte den gode litteraturen dei kjenner og er glad i, men vi vil også tilby noko nytt og annleis. Det gjer vi særleg med den store delen internasjonale forfattarar. Alt no har vi bekrefta forfattarar frå rundt 20 nasjonar, og vi sender framleis ut invitasjonar, seier Grøtan.

– Kvifor er det internasjonale så viktig?

– Gjennom ulike litterære perspektiv kan vi få augene opp for andre samfunn som kan lære oss meir om verda og om oss sjølve. Med litteraturen får vi ein annan inngang til refleksjon over store spørsmål enn den vi får gjennom nyheitsmedia eller gjennom den akademiske innfallsvinkelen. Vi vil opne opp, og eg meiner det kan vere ei fin utviding av eit norsk litteraturmiljø som alt held ein høg standard.

Møter mellom det internasjonale og norske

Grøtan ønsker at festivalen skal bidra til å bryte opp i geografiske og kulturelle grenser. Som døme på slike grensebrot trekker ho fram eit panel som vil vere sett saman av ein norsk forfattar og den nigerianske forfattaren Helon Habila.

– Ved å tenke utradisjonelt kan ein få ny innsikt, og setje våre erfaringar i eit litt større perspektiv. I dette panelet planlegg vi ein samtale om korleis vi behandlar Utøya litterært i Noreg, saman med Habila som har skrive om jentene, kalla The Chibok Girls, som blei kidnappa av den islamistiske militante gruppa Boko Haram i 2014.

– Begge desse ekstremt valdelege hendingane har hatt ungdom som mål, og det råkar oss særleg hardt. Sjølv om dei to landa har lite til felles, så deler vi traume og sorg. Kanskje kan vi opne opp for ei forståing av noko felles menneskeleg med slike samansetjingar.

Løftar identitet som tematikk

– Kvifor identitet som tema dette første året?

– Dette er ein tematikk som verkeleg pregar tida vi lever i. Politisk ser vi mange tydelege identitetsfraksjonar. I USA snakkar ein til dømes om spesifikke grupper som stemte Trump til makta. Vi snakkar om identitet knyta til kvar vi kjem frå, eller korleis vi skildrar oss sjølve når det kjem til kjønn, etnisitet eller religion. Identitetspolitikk blir brukt som skjellsord og med motsatt forteikn, og ein speler ulike identitetar opp mot kvarandre.

– Ein har også spørsmål kring forfattaren sin identitet, kven er forfattaren? Korleis påverkar skrivinga individet og motsett? Alt dette foreinar den politiske dimensjonen ved festivalen med det litterære og estetiske. Målet er ein festival som koplar saman litteratur, samfunn og politikk.

Slepper dei første namna

Fram mot februar vil festivalen sleppe namn og programpostar kvar veke. Blant dei første ut er den saudiarabiske poeten Hissa Hilal.

– Hissa Hilal er eit utruleg spennande namn frå eit lukka land, ein anerkjent poet og ei stor stjerne i Midtausten. Millionar kjenner namnet hennar etter at ho deltok i TV-programmet Million′s Poet, ho har spelt ei viktig rolle litterært og som kvinne i Saudi-Arabia, seier Grøtan.

LittfestBergen slepper også nyheita om at den colombianske forfattaren Juan Gabriel Vásquez kjem til festivalen. Vásquez er ein av dei største samtidsforfattarane i Latin-Amerika, omsett til norsk, ein stor forteljar og scenepersonlegheit, seier Grøtan.

– Vi er veldig stolte over at han kjem til Bergen. Eit av undertemaa på festivalen er vald og terror og korleis det påverkar enkeltindividet å leve under slike forhold. Vasquez har skrive mykje om narkovalden i Colombia under Pablo Escobars narkoregime, og korleis det framleis pregar landet.

Ny engelsk lesesirkel

LittfestBergen startar også opp ein eigen engelsk lesesirkel leia av førsteamanuensis ved UiB Kari Jegerstedt, som vil møtast ein gong i månaden fram mot festivalen.

– Kvifor er lesesirkelen på engelsk?

– Fordi vi i tillegg til nordmenn håpar å nå eit engelsktalande publikum. All informasjon om festivalen vil vere lett tilgjengeleg på engelsk og norsk, i form av både nyskrivne essays om litteraturen, intervju med forfattarane, samtidig som vi syner fram aktualiteteten i programmet. Publikum har mykje å sjå fram til. Eg kan garantere noko nytt og annleis som både vil utvide og auke interessa og lesegleda.

Les meir

Portrett av Helon Habila

Helon Habila

– Dette er mitt land og min reaksjon er reaksjonen til millionar av nigerianarar som er hjelpelaust fanga i dette opprøret, seier forfattaren av The Chibok GirlsHelon Habila.

Picture of Hissa Hilal

Hissa Hilal

Hissa Hilal (Saudi-Arabia) vekte forbløffelse og begeistring, men også raseri, då ho las sitt fatwa-dikt på direktesendt TV for 75 millionar sjåarar.

Portrett av Juan Gabriel Vásquez

Juan Gabriel Vásquez

Romanen kan fortelle noe ingen annen sjanger kan formidle, i følge en av de største nålevende forfatterne i Latin-Amerika, colombianske Juan Gabriel Vásquez.

Del Innhald