Skip to the content

LittfestBergen lesesirkel

August Jegerstedt Selnes

Er du glad i å lese litteratur frå heile verda? Har du lyst til å treffe nye menneske som deler litteraturinteressa di?

Kom på lesesirkelen til LittfestBergen. Det kostar ingenting å vere med. Det einaste kravet er at du vil lese og snakke på engelsk.

Kari Jegerstedt, litteraturelskar og førsteamanuensis ved UiB, leiar lesesirkelen. Ein gong i månaden vel ho ut ei bok blant dei internasjonale forfattarane som kjem til festivalen i februar. Tiitlane vil annonserast i august.

Lesesirkelen møtest i Fosse-stova på Litteraturhuset.

29. august 2019, kl. 19.00 - 20.30

03. oktober 2019, kl. 19.00 - 20.30

07. november 2019, kl. 19.00 - 20.30

05. desember 2019, kl. 19.00 - 20.30 

Ved å bli med på lesesirkel får du:

- Treffe nye menneske som deler lesegleda di

- Bli ekstra godt kjent med litteraturen til nokre av forfattarane som kjem til Bergen

- Diskutere litteratur med ein fagperson

- Unik innsikt i land langt borte, kulturelt og politisk – gjennom litteraturen

For spørsmål og påmelding, send e-post til lesesirkel.littfest@litthusbergen.no

Del Innhald