Skip to the content
}

Har forskinga tatt feil av kvinner?

Rainer Niermann

Den prisløna forskingsjournalisten Angela Saini syner korleis nyare forsking på kvinner fortel ei heilt anna historie enn den vi alltid har blitt fortalt.

Forskingsjournalist og forfattar Angela Saini syner i boka Inferior: How Science Got Women Wrong and the New Research That's Rewriting the Story (2017) korleis tilsynelatande banebrytande og hyppig sitert forsking som peikar på store skilnader mellom kvinner og menn, ofte har blitt farga av fordommar og påverka av sosiale forventningar.

Biologar har hevda at kvinner er meir omsorgsfulle, empatiske og monogame, medan menn har blitt skildra som gode på oppgåver som krever logisk tenking, romforståelse og motoriske evner.

I februar kjem Saini til LittfestBergen for å fortelje om korleis vi framleis lever med arven etter denne forskinga, i form av ei uendeleg rekke fordomsfulle stereotypiar, og korleis nyare forsking tyder på langt mindre avstand mellom kjønna enn det vi til no har trudd.

Saini vil også holde eit foredrag om si siste bok Superior: The Fatal Return of Race Science, som er venta utgitt i februar 2019.

Du kan kjøpe Inferior i Boksalongen, Litteraturhusets bokhandel.



Del Innhald