Skip to the content
}

Forfattarar frå over 20 land til LittfestBergen

Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur blir arrangert for første gong 14.­–17. februar 2019 på Litteraturhuset i Bergen.

14. januar blei heile festivalprogrammet lansert på littfestbergen.no, saman med 90 gjester frå meir enn 20 land som USA, Colombia, Tyskland, Uganda, Nigeria, Saudi-Arabia, Tyrkia, Kina, Russland og Jamaica.

– Målet er ein internasjonal festival som foreiner litteratur, samfunn og politikk. Vi er veldig glade for å få besøk frå så mange forfattarar som har markert seg med svært gode utgivingar om verda og tida vi lever i, seier festivalsjef Teresa Grøtan.

Politikk og poesi

Under festivalen kan publikum møte ny sakprosa og skjønnlitteratur frå heile verda. Hit kjem ei rekke av våre største norske forfattarar, og internasjonale forfattarar som aldri før har besøkt Noreg.

Til LittfestBergen kjem mellom anna den saudiarabiske poeten Hissa Hilal, som gjennom dikta sine kritiserer dei religiøse autoritetane i landet, den tyske sosiologen Heinz Bude som skriv om angsten, frykta og det undertrykte sinnet han meiner kjenneteiknar vår tid, den britiske vitskapsjournalisten Angela Saini som stiller spørsmålet: Har forskinga tatt feil av kvinner?, og romanforfattaren Juan Gabriel Vásquez som skriv om narkokrigen i Colombia.

Festivalen har også invitert den tyrkiske forfattaren Ahmet Altan, som sit fengsla i Tyrkia etter å ha kritisert presidenten i landet, og som snart er aktuell på norsk med boka Eg får aldri sjå verda igjen. Invitasjonen er sendt til det tyrkiske justisdepartementet.

– Først og fremst har vi invitert forfattarar vi har stor tru på, som skriv god litteratur. Vi har også bevisst invitert forfattarar som har skrive bøker som går rett inn i dei store, viktige spørsmåla i vår tid. På festivalen vil det handle om klima og natur, vald og terror, tru, etnisitet og den overordna tematikken som er identitet, seier Grøtan.

Likestiller sakprosa og skjønnlitteratur

– Vi gler oss til å få besøk av den amerikanske historikaren Nell Irvin Painter. I mange år skreiv Painter om afro-amerikansk historie, før ho gav ut boka The History of White People.  Boka nådde New York Times si bestseljar-liste og blei eit gjennombrot for Painter i USA, seier Grøtan.

Til Bergen kjem mellom anna den nigerianske forfattaren Helon Habila som har skrive sakprosaboka The Chibok Girls etter å ha intervjua familiane til dei 276 jentene som blei bortførte av den islamistiske militante gruppa Boko Haram.

Den svenske poeten Linnea Axelsson som med Ædnan, sitt storslagne diktepos om samane si historie, har rysta kritikarane og gitt henne den høgthengande Augustprisen, kjem også til LittfestBergen. Axelsson er ein av forfattarane som har blitt invitert til å skrive ein ny tekst til festivalen. På opningskvelden torsdag 14. februar blir det urframføring på forfattaranes morsmål, med norsk og engelsk gjendikting projisert på lerret.

– Målet er å bygge opp ein festival som utfordrar, gir nye, store lesaropplevingar og som utvidar den norske litterære offentlegheita, seier Grøtan.

Velkommen til litteraturfestival 14.-17. februar 2019 på Litteraturhuset i Bergen: Fire dagar, 50-50 sakprosa og skjønnlitteratur, 50-50 internasjonalt og norsk program – litteratur, debatt, dans, teater, film, slam, performance, fest. 90 gjester frå meir enn 20 land.

Del Innhald