Skip to the content

Eksperimentell, litterær stormeister til LittfestBergen

Željko Koprolčec

Ho blir skildra som ein genuin fri-tenkande forfattar. I februar kan du møte ho i Bergen.

Dubravka Ugrešićs Fox (2018) har blitt løfta fram og hylla av kritikarar.

Ord som energisk, leiken og virtuos går ofte igjen i omtalane av romanane og essaya til den kroatiske eksilforfattaren. Det same gjer skildringar som peikar mot det tvetydige.

Forfattar Andrea Scrima rettar blikket mot nettopp dette i eit strålande essay om Fox i Music & Literature, som du kan lese her:

“There is no one overarching truth, but a kaleidoscope of observations that merge into one another seamlessly, surreptitiously, giving rise to subtexts that percolate just beneath the text´s surface”.

Under Bergen internasjonale litteraturfestival kan du mellom anna møte Dubvraka Ugrešić i samtale med eit av medlemma i vårt internasjonale kunstnariske råd, Daniel Medin.

Boka er for sal i Boksalongen, Litteraturhusets bokhandel.

Del Innhald