Skip to the content
}

– Det verste som har skjedd i Nigeria sidan Biafra-krigen

Portrett av Helon Habila
Foto: Windham-Campbell Prizes

276 jenter blei kidnappa av Boko Haram i 2014. I The Chibok Girls undersøker Helon Habila kva som eigentleg skjedde.

– Kva var det som fekk deg til å skrive The Chibok Girls?

– Eg budde i Berlin i april 2014, då jentene blei kidnappa av Boko Haram. Eg hadde stipend frå organisasjonen DAAD og prøvde å skrive ein roman. Men då eg høyrde nyheita om kidnappinga, og dei nigerianske myndigheitene sin ineffektive respons, klarte eg ikkje å konsentrere meg om skrivinga. Eg visste at eg måtte seie noko om situasjonen. Som forfattar var det ikkje eit alternativ å halde stilt.

– Dette er det verste som har skjedd i Nigeria sidan Biafrakrigen. Sidan eg er frå den nordaustre delen av Nigeria der Boko Haram utkjempar krigen sin, opplevde eg det heile som meir presserande. Eg ville ikkje berre skrive om det på avstand. Eg ville sjå kva som skjedde og snakke med nokre av jentene som hadde klart å rømme. Heldigvis var det eit forlag som likte bokideen. Og resten er historie, som ein seier.

– Kva fokuserer boka di på som ikkje har blitt utforska allereie?

– Det har blitt skrive mykje om krigen mot Boko Haram og om kidnappinga. Hovuddelen av det som er skrive kan delast inn i to kategoriar. Forskarane skriv om krigen på ein abstrakt og akademisk måte, med diagram og statistikk og samanlikningar med ISIS og andre opprørarar frå heile verda. Den andre kategorien er hovudsakleg diplomatiske bod og memo. Det finst sjølvsagt journalistiske framstillingar som fokuserer på dagsaktuelle spørsmål, som bombeåtak og slag mellom terroristar og regjeringsstyrkane. Men eg ville gå lengre enn det.

– Eg ville fokusere på den menneskelege dimensjonen. Eg drog til Chibok og snakka med mødrene til jentene som var tatt. Eg snakka med jentene som rømte frå kidnapparane. Eg drog til flyktningleirane der dei fordrivne no lever utan noko håp om å få dra tilbake til landsbyane sine. Men viktigast av alt så plasserte eg meg sjølv inn i skildringa, slik at det blei ei journalistisk førstehands forteljing. Dette er mitt land og min reaksjon er reaksjonen til millionar av andre nigerianarar som er hjelpelaust fanga i dette opprøret.

–Sjølvsagt kunne eg ha skrive ein roman, ei oppdikta historie, men instinktet mitt gjekk i mot det fordi eg ville at mine kommentarar og observasjonar ikkje berre skulle vere metaforiske eller symbolske – som jo vanlegvis er tilfelle med skjønnlitteratur. Eg ville at det eg kom til å seie i boka skulle vere bokstaveleg og utvitydig.

– Kva type undersøkingar gjorde du? Kva var det vanskelegaste med dette arbeidet, og kvifor?

– Det vanskelegaste var sjølvsagt reisa til Chibok. Då meiner eg ikkje den fysiske faren eg utsette meg for, sjølv om det også var ein faktor. Då eg drog i 2015–2016 var krigen framleis aktiv, og eg reiste bokstaveleg talt inn i frontlinja. Men det hardaste var å møte foreldra og høyre deira historier. Mens eg lytta visste eg at nokon av dei aldri kom til å sjå døtrene sine igjen. Ei fortalte meg at ho hadde føretrekke om dottera hadde døydd. Det hadde ho klart å forsone seg med. Men å vite at dottera hennar var der ute i skogen, i hendene på terroristane, det var for hardt å bere. Det var hjarteskjerande fordi eg er også far, eg har døtrer, og eg føler med dei.

– Er det noko nytt om situasjonen til jentene som blei kidnappa av Boko Haram?

– Dei fleste av dei 276 jentene som opphaveleg blei bortført har blitt kjøpt fri av myndigheitene. Ei handfull er framleis i fangenskap, og ingen veit om dei er i live eller ikkje. Men det mest smertefulle er at slike kidnappingar framleis skjer. I år har fleire skulejenter blitt tatt i byen Dapchi, sjølv om myndigheitene var i stand til å få dei tilbake. Boko Haram betyr «vestleg utdanning er ond». Heile deira formål er å motarbeide utdanning, særleg av jenter. Vi kan ikkje la dei lukkast.

Les meir

Helon Habila

I si siste bok The Chibok Girls undersøker Helon Habila (Nigeria) kva som skjedde då 276 jenter blei kidnappa av den islamistiske militante gruppa Boko Haram i Nigeria i 2014.

Del Innhald