Skip to the content

Bli med på lesesirkel

Foto: Windham-Campbell Prizes

Er du glad i å lese litteratur frå heile verda? Har du lyst til å treffe nye menneske som deler litteraturinteressa di?

Kom på lesesirkelen til LittfestBergen. Det kostar ingenting å vere med. Det einaste kravet er at du vil lese og snakke på engelsk.

Kari Jegerstedt, litteraturelskar og førsteamanuensis ved UiB, leiar lesesirkelen. Ein gong i månaden vel ho ut ei bok blant dei internasjonale forfattarane som kjem til festivalen i februar.

Lesesirkelen møtest i Fosse-stova på Litteraturhuset.

13. desember 2018, kl. 19.00 - 20.30: Ruinenes form av Juan Gabriel Vásquez

10. januar 2019, kl. 19.00 - 20.30: Fox av Dubravka Ugrešić

7. februar 2019, kl. 19.00 - 20.30: The Chibok Girls av Helon Habila

25. april 2019, kl. 18.30 - 20.00: Augusttown av Kei Miller

Ved å bli med på lesesirkel får du:

- Treffe nye menneske som deler lesegleda di

- Bli ekstra godt kjent med litteraturen til nokre av forfattarane som kjem til Bergen

- Diskutere litteratur med ein fagperson

- Unik innsikt i land langt borte, kulturelt og politisk – gjennom litteraturen

For spørsmål og påmelding, send e-post til lesesirkel.littfest@litthusbergen.no

Kjøper du dei aktuelle bøkene gjennom Boksalongen, Litteraturhusets eigen bokhandel, får du ti prosent rabatt. For å reservere bøker, send ein e-post til jenny@litthusbergen.no.

Del Innhald