Skip to the content
}

LittfestBergen blir eiga stifting

Styreleiar Birthe Kåfjord Lange

Publiseringsdato:

14.09.2019

Leiaren av styret til den nye stiftinga, Birthe Kåfjord Lange, trudde ikkje at ho var i målgruppa for litteraturfestivalar. No er ho overtydd om noko anna.  

Når litteraturfestivalen denne månaden tek steget ut og blir eiga stifting, med tittelen Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur, står ein engasjert Kåfjord Lange klar til å bruke moglegheitene som opnar seg. Ho ser nokre klare fordelar med at festivalen no skal drivast uavhengig av Litteraturhuset i Bergen:

- Festivalen har til dømes stort potensiale til å nå eit breiare publikum, i tillegg til dei som vanlegvis går på litteraturarrangement, seier Kåfjord Lange.

– No kan vi arbeide målretta med å dyrke dette, saman med andre element som er særeigne for festivalen.

Første gong på litteraturfestival

Kåfjord Lange, som har utdanninga si frå NHH, og er tilsett som førsteamanuensis i leiing ved Høyskolen Kristiania, vart overraska over kor givande ho syntest det var å delta på LittfestBergen tidlegare i år.

- Eg er svært glad i å lese, både fag- og skjønnlitteratur, men eg hadde aldri gått på litteraturfestival før, innrømmer den blide romsdalskvinna.

– Kanskje eg har tenkt at eg ikkje var i målgruppa. Men der tok eg feil! Eg blei imponert over kvaliteten på programmet, og kor relevante eg opplevde diskusjonane for mitt eige arbeid og engasjement for formidling. Og så tenkte eg: dette burde enda fleire få sjansen til å vere med på!

Nytt styre

Styret i den nye stiftinga er LittfestBergen sitt øverste organ. I tillegg til Birthe Kåfjord Lange er det sett saman av Marta Breen, Arne Selvik, Jørn Øyrehagen Sunde og Gunnar Sørbø. Dei skal sørgje for at litteraturfestivalen vert drifta på best mogleg vis, men ikkje ha ansvar for sjølve festivalprogrammet.

- Festivalsjef Teresa Grøtan og hennar administrasjon vil framleis stå for innhaldet på festivalen. Det nye styret vil fungere som diskusjonspartnerar på dette når det trengs, i tillegg til å bidra med eit bredt spekter av andre former for kompetanse, fortel Kåfjord Lange.

Delar kaffitraktar

Opprettinga av eiga stifting tyder at LittfestBergen er blitt økonomisk uavhengig av Litteraturhuset i Bergen - men ikkje at samarbeidet mellom dei to aktørane er forbi. Dei festival-tilsette sit framleis vegg i vegg med dei som arbeider på Litteraturhuset, og delar på alt frå kaffitraktar og møtekjeks, til gode idéar og innspel. Det er dessutan vedteke at det i styret til LittfestBergen alltid skal site eit medlem frå styret til Litteraturhuset i Bergen, nettopp for å sikre at det gode samarbeidet fortset også i framtida.

- Vi kjem til å støtte opp om LittfestBergen slik vi har gjort hittil, kommenterer Kristin Helle-Valle, dagleg leiar av Litteraturhuset, og legg til:

 – Vi er få, men vi er sterke vi her i Bergen, som jobbar med litteraturen og det frie ord. Vi løftar saman!

Også Birthe Kåfjord Lange er oppteken av eit fortsatt godt samarbeid med Litteraturhuset.

- Som nystarta festival er det veldig verdifullt å ha så erfarne samarbeidspartnarar som dei vi finn på Litteraturhuset. No er vi mange dyktige folk som vil arbeide saman for å styrke LittfestBergen.

 

Sjå LittfestBergen sitt nye styre

Del Innhald