Skip to the content
}

Yann Queffélec

Bruno Klein

Yann Queffélec (f. 1949, Frankrike) er forfattar. Han vaks opp i Paris i ein familie av forfattarar og kunstnarar med røter i Bretagne, og jobba fleire år som seglinstruktør før han debuterte litterært i 1981.

Allereie i 1985 fekk han den prestisjetunge Goncourt-prisen for romanen Blodbryllup, som blei omsett til norsk i 1987. Han har gitt ut 23 romanar, og også skrive essay og biografiar. Han er ein av Frankrikes mest kjende forfattarar.

I 2018 gav han ut Dictionnaire amoureux de la mer, Ei kjærleg ordbok om havet, som fekk mykje merksemd i heimlandet. Med utgangspunkt i 150 nøkkelord opnar han opp for litterære, historiske og filosofiske refleksjonar om menneska, havet og kjærleiken.

Eit praktfullt verk.

Pierre Vavasseur, Le Parisien, om Dictionnaire amoureux de la mer.

Han skriv med ei penn fylt av salt vatn, som både sprutar og byr inn til draum.

Gilles Martin-Chauffier, Paris-Match, om Dictionnaire amoureux de la mer.
Del Innhald