Skip to the content

Xiaolu Guo

Xiaolu Guo (f. 1973, Kina) er filmskapar og forfattar. Ho har laga ei lang rekkje dokumentarar, spelefilmar og kortfilmar, og skrive romanar, diktsamlingar og essay. Ho er medlem av juryen for Man Booker-prisen 2019, og bøkene hennar er omsette til 28 språk.

Som barn budde Guo med besteforeldra sine, som er analfabetar, i ein fiskarlandsby i provinsen Zhejiang. I 1993 flytta ho til Beijing for å studere film, og i 2002 flytta ho til London. Ho skriv i dag på engelsk. Språkleg, kulturell og kjønna identitet er sentrale tema i forfattarskapen hennar. I hennar nyaste bok, Once upon a Time in the East, ser ho tilbake på si eiga historie, og gjennom dette blikket veks det fram refleksjonar om opphav, meining og kunstnarisk friheit.

Del Innhald