Skip to the content

Tomas Espedal

Jacob Dall

Tomas Espedal (f. 1961, Noreg) debuterte som forfattar i 1988. Han har gitt ut romanar og kortprosasamlingar, der han ofte eksperimenter med sjangeroverskridingar. I seinare utgivingar skriv Espedal tett på eige liv og erfaringar, samtidig som han utforskar forholdet mellom romanen og sjangrar som essay, brev, dagbok, sjølvbiografi og reiseskildring.

Boka Gå. Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv (2006) blei nominert til Nordisk Råds Litteraturpris, og Espedal blei på nytt nominert for Imot kunsten (2009) og Bergeners (2013). Espedal fekk Kritikerprisen i 2009, Gyldendalprisen i 2009 og blei nominert til The International IMPAC Dublin Literary Award i 2013. I 2011 fekk han Brageprisen for Imot naturen. Bøkene til Espedal er gitt ut i 24 land.

Del Innhald