Skip to the content
}

Margunn Vikingstad

Privat

Margunn Vikingstad (f. 1971, Noreg) er litteraturkritikar og omsetjar. Ho har hovudfag i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo (2000).

Vikingstad var litteraturkritikar i Dag og Tid frå 2001 til 2013 og har sidan 2013 vore knytt til Morgenbladet som litteraturkritikar. Dei seinare åra har ho kombinert kritikarverksemda med å gjere skjønnlitterære omsettingar.

Siste utgjevinga hennar er omsetting av Gustave Flauberts Madame Bovary som blei nominert til både Kritikarprisen for beste omsetting og Bastianprisen 2018.

Del Innhald