Skip to the content

Jørgen Lorentzen

Jørgen Lorentzen (f. 1956, Noreg) er leiar for Stiftelsen Hedda og har ein doktorgrad i litteraturvitskap. Han har skrive fleire bøker og artiklar innan kjønnstudiar, maskulinitet og kulturanalyse, seinast History of Fatherhood in Norway (Palgrave MacMillan 2013).

Han har leia fleire forskingsprosjekt ved Senter for tverrfaglig kjønnsforskning ved Universitetet i Oslo, og har nyleg slutta som professor ved universitetet for å jobbe med internasjonale relasjonar, menneskerettar og utvikling gjennom Stiftelsen Hedda. Lorentzen er medlem av Norsk PENs Komité for Fengslede Forfattere.

Del Innhald