Skip to the content
}

Jan Grue

Jan Grue (f. 1981, Noreg) er forfattar og professor i kvalitativ metode ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo.

Han forskar hovudsakleg på kropp og kroppsforståing, sjukdom, funksjonshemming og normalitet. Grue debuterte med novellesamlinga Alt under kontroll (2010), og har sidan gitt ut fleire novellesamlingar og romanen Det blir ikke bedre (2016).

Han har også skrive barnebøker og fagbøker, mellom anna Kroppspråk som tematiserer framstillingar av funksjonshemming i eit kultur- og samfunnsanalytisk perspektiv. I 2018 gav han ut den sjølvbiografiske boka Jeg lever et liv som ligner deres. Bøkene hans er omsette til engelsk, ungarsk og dansk.

Del Innhald