Skip to the content

Hissa Hilal

Foto: The Poetess 2017

HISSA HILAL (f. 1965, Saudi-Arabia) er poet. I 2010 skapte ho overskrifter over heile verda som den første kvinna til å nå finalen i Million's Poet, ein stor TV-konkurranse sendt frå Abu Dhabi der deltakarne les opp eigen poesi.

Hilal har gitt ut tre diktsamlingar: The Language of the Sand Heap, The Bedewed One og Enlightenment. I den siste boka finn ein diktet “Fatwa”, som fekk mykje omtale etter deltakinga i Million's Poet.

Hilal har også redigert ei samling dikt skrivne av beduinske kvinner: Divorce and Kholu' Poetry: A Reading of the Status of Women in Tribal Society and Nabati Poetry as a Witness.

Hilal skriv Nabati-poesi og på arabisk. Nabati poesi er ein arabisk munnleg poesitradisjon, ofte kalla Beduin-poesi. Tradisjonell Nabati-poesi følgjer gjerne bestemte tema og eit bestemt vokabular, med ein meir eller mindre fast struktur og rytme. Sjølv om dikta kan følgje ei rekke lyriske former, er den vanlegaste forma oden. Moderne Nabati-poesi er framleis kjenneteikna av ros, satire, råd, kjærleik og lyrisk poesi.

I 2017 kom “The Poetess”, ein dokumentar om Hissa Hilal av Stefanie Brockhaus og Andreas Wolff.

Del Innhald