Skip to the content
}

Hilde Kvalvaag

Samlaget

Hilde Kvalvaag (f. 1968, Noreg) har gitt ut to romanar som begge handlar om menneske på reise, den første av romanane Skagerrak (2008) har handling frå Nord-Jylland og den andre Lev vel, alle er frå villmarka i Canada.

Kvalvaag har også skrive essay om å reise, frå Chelsea Hotel i New York, og om å gå i Virginia Woolf sine fotspor i England. Ho er også kjent som forfattar av bøker for ungdom. I 2010 vann ho Brageprisen for ungdomsromanen Fengsla. Romanen Nattsommarfugl som ho mottok Kulturdepartementets litteraturpris for i 2005, handlar om ei jente på ferie i ein vestlandsfjord. Kvaalvag er utdanna sosialantropolog og jobbar ved Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen.

Del Innhald