Skip to the content

Henrik Skotte

Henrik Skotte (f. 1970, Noreg) er kunstnar, musikar og kabaretartist og jobbar mellom anna med musikk, video, teater, litteratur, bildekunst og grafisk design.

Saman med Gunnar Wærness utgjer han kunstnarduoen Brødet og Eselet, som blandar performance og poesi, revy, punk og jazz. I den siste boka Del likt (2017) presenterer Brødet og Eselet sin særeigne songlyrikk og vandrehistoriar, i kombinasjon med illustrasjonar som fotografi, videostills og teikningar.

Skotte har studert ved Kunstakademiet i Trondheim, Musicians Institute i London og ved forfattarstudiet i Bø. Han har også undervist i kreativ skriving på Kunstakademiet i Malmø.

Del Innhald