Skip to the content

Henning Bergsvåg

Helge Skodvin

Henning Bergsvåg (f. 1974, Noreg) er forfattar og litteraturformidlar. Han debuterte i 2000 med diktsamlinga Newfoundland og har sidan gitt ut ytterlegare fem diktsamlingar, seinast den kritikarrosa Du er ikke her i 2016.

Dikta hans er omsette til engelsk, nederlandsk, slovensk, spansk, svensk og nyleg til fransk i det litterære tidsskriftet Revue Nioques. I 2012 etablerte han Poesidigg, ein arrangementserie med opplesingar, møte og samtalar der internasjonale og nasjonale poetar av høgste kaliber opptrer, også med nye stemmer frå Bergens undergrunnsmiljø.

Bergsvåg er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Bergen og Litterär Gestaltning ved Göteborgs Universitet.

Del Innhald