Skip to the content

Helene Uri

Julie Pike

Helene Uri (f. 1964, Noreg) er forfattar og har ein doktorgrad i språkvitskap. Ho arbeida i tolv år ved Universitetet i Oslo før ho begynte å skrive på heiltid.

Uri debuterte med romanen Dyp rød 315 i 2001, og har i tillegg til sin skjønnlitterære produksjon gitt ut ei rekke fagbøker innan lingvistikk. Uri er omsett/under omsetjing til fleire språk, mellom anna dansk, svensk, tysk, engelsk, fransk, spansk og japansk.

I 2018 gav ho ut Hvem sa hva?, ei bok om kvinner, menn og språk: Snakkar kvinner og menn ulike språk? Er kvinner meir indirekte i sitt språk? Finst det eigne kvinneord og eigne mannsord? For Hvem sa hva? blei Uri tildelt Brageprisen for beste sakprosabok i 2018.

Del Innhald