Skip to the content

Gisle Selnes

Eivind Senneset

Gisle Selnes (f. 1965, Noreg) er busett i Bergen og professor i Allmenn litteraturvitenskap ved Universitetet i Bergen. Han har tidlegare vore tilsett ved Latinamerikastudiet same stad.

Selnes har publisert ei rekke essay og fagartiklar i norske og utanlandske tidsskrift om litteratur og litteraturteori, radikal filosofi og politikk, historie og kulturkritikk. Han har også omsett litterære og filosofiske tekstar frå spansk og italiensk.

I 2011 gav han ut essaysamlinga Det fjerde kontinentet. Essays om America og andre fremmede fenomener, og i 2016 kom boka Den store sangen. Kapitler av en bok om Bob Dylan. Den siste utgivinga er ei gjendikting av César Vallejo, Trilce (2018).

Del Innhald