Skip to the content

Eivind Riise Hauge

Vigmostad og Bjørke

Eivind Riise Hauge (f. 1980, Noreg) debuterte som forfattar i 2010 med novellesamlinga Victor Tukmakovs siste vinter, og har sidan markert seg som ein allsidig forfattar med utgivingar i ei rekke sjangrar: roman, novellesamlingar og sakprosa.

Han har mellom anna gitt ut Sjakk. Spillenes konge der han gir ei innføring i sjakkreglar, strategi og taktikk, og har også jobba som sjakkinstruktør og spelt seriesjakk i norsk 1. divisjon.

I 2018 gav han ut sitt første skodespel, ROP!, som syner ein enkelt arbeidsdag ved eit kommunalt tiltak der sosialarbeidarar og psykisk sjuke, rusavhengige bebuarar deler dagens timar. 

Del Innhald