Skip to the content
}

Edurne Portela

Author's archive

Edurne Portela (f. 1974, Vizcaya, Baskerland, Spania) er forfattar, språkvitar og historikar. Ho har akademisk bakgrunn frå USA kor ho tok doktorgrad i latinamerikansk litteratur ved University of North Carolina at Chapel Hill.

I tretten år kombinerte ho undervisning med andre akademiske verv, forsking og formidling, før ho i 2016 slutta i akademia og flytta attende til Spania. No er ho forfattar og skribent på heiltid og skriv for publikasjonar som El País, La Marea og El Correo.

Portela har gitt ut essay og sakprosa, til dømes El eco de los disparos: cultura y memoria de la violencia som handlar om samfunnet i Baskerland etter at den baskiske separatistgruppa ETA la ned våpena for fem år sidan.

I 2017 gav ho ut romanen Mejor la ausencia. Boka følgjer hovudpersonen Amaia gjennom oppveksten i ein industristad i nærleiken av Bilbao i Baskerland på åtti- og nittitalet, i eit miljø prega av politisk vald frå ETA, overgrep i nære relasjonar, avindustrialisering, heroinepidemi og arbeidsløyse. Romanen fekk bokhandlarprisen i Madrid 2018 som beste skjønnlitterære bok.

Del Innhald