Skip to the content

Doriansgrave

Doriansgrave (f. Nigeria) er artist og bur no i Bergen. Han studerte først kjemi, før kjærleiken for undergrunnskunst flytta fokuset hans bort frå laboratoriet.

Som hiphop-artist og spoken word fan, er Doriansgrave ein artist som meiner at ord fyller eit større formål i musikk enn å berre vere del av ein melodisk konstruksjon: “Det er ein måte å fortelje historiar som er sterke nok til å føre saman enkeltmenneske”. Denne tanken fekk han til å skape Slam Poetry Bergen, som er ein stad der enkeltpersonar, slampoetar og spoken word artistar samlast for å framføre kraftfulle tekstar, laga både for å underhalde og inspirere publikum.

På fritida held Doriansgrave seg til hiphop-scena, ikkje fordi han vil, men fordi han må. Målet er å bli ein artist som stadig utviklar seg, men aldri når toppen og tapar seg.

Del Innhald