Skip to the content

Daniel Medin

Foto: Mina Magda

Daniel Medin (f. 1975, USA/Frankrike) er professor i litteraturvitskap og engelsk ved American University of Paris, der han er assisterande direktør på Center for Writers and Translators og redaktør for Cahiers-serien.

Han er også medredaktør i Music & Literature magazine (Houston), bidragsytar og redaktør for The White Review (London), og kuraterer ein serie om Berlin og internasjonal litteratur ved Literaturhaus-Berlin.

Daniel Medin har sete i juryen til leiande prisar for omsett litteratur (Best Translated Book Award i USA og Man Booker International Prize i Storbritannia). Han sit no i juryen for tyske HKW Internationaler Literaturpreis.

Del Innhald