Skip to the content

Camara Lundestad Joof

Maria Gossé

Camara Lundestad Joof (f. 1988) er ein norsk-gambisk scenekunstnar, dramatikar og forfattar.

Det kunstnariske arbeidet hennar er i hovudsak dokumentarisk og handlar om rasisme, identitet, språk og maktstrukturar. Ho er husdramatikar på Dramatikkens Hus, er med og leiar Den Mangfaldige Scenen og har spela over to hundre framsyningar i Skandinavia med den sjølvbiografiske soloframsyninga Pavlovs tispe.

Saman med Kristina Leganger Iversen har ho gjendikta den amerikanske forfattaren Claudia Rankines bok Citizen (2014) til norsk (Medborgar, 2018). I 2018 gav ho også ut boka Eg snakkar om det heile tida, der ho skildrar korleis rasismen ho stadig møter påverkar livet hennar.

Del Innhald