Skip to the content
}

Brit Bildøen

Brit Bildøen (f. 1962, Noreg) debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay, og er også verksam som omsetjar.

Bøkene til Bildøen er omsette til fleire språk, og ho har blitt tildelt fleire litterære prisar, seinast P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014). For denne romanen, som handlar om kvardag og sorg etter eit terrorangrep der ein av hovudpersonane mistar dottera si, vart ho nominert på langlista til Dublin Literary Award.

I 2018 gav ho ut Tre vegar til havet, som har fått svært gode meldingar.

Del Innhald