Skip to the content

Asieh Amini

Javad Montazeri

Asieh Amini (f. 1973, Iran) er poet, journalist og aktivist. Ho studerte journalistikk ved Allameh Tabatabaie University i Tehran, og har ein master i kulturstudium (likestilling og mangfald) frå NTNU.

Ho jobba for ei rekke aviser og magasin då ho budde i Tehran. Asieh Aminis kamp mot dødsstraff og for kvinners rettar har vekt mykje merksemd, men har også ført til vanskar for ho personleg. Amini har blitt tildelt Human Rights Watchs Hellmann/Hammett pris (2009), Oxfam Novib/PEN award (2012), og Ord i Grenseland prisen (2014).

Etter eit kontroversielt presidentval i 2009 forlet Asieh Amini Iran og kom til Noreg som fribyforfattar (ICORN guest-writer). Ho har gitt ut tre diktsamlingar i Iran og Noreg. Amini kjempar framleis for ytringsfridom, også som styremedlem i Norsk PEN.

Del Innhald