Skip to the content

Kunstnariske råd

Internasjonalt råd

Portrett av Alisa Ganieva

Alisa Ganieva

Russland

Alisa Ganieva (f. 1985 i Dagestan) er forfattar, journalist og kritikar. Ho debuterte med romanen Salaam, Dalgat! gitt ut under det mannlege pseudonymet Gulla Khiratsjev. Boka skildrar kvardagen for ungdom i Dagestan og tematiserer sosiale og religiøse spørsmål. Salaam, Dalgat! vann prestisjetunge Debut Prize i 2009, og først under denne prisutdelinga avslørte Ganieva kven ho var. Ho har gitt ut romanane The Mountain and the Wall, Bride and Groom og Оскорбленные чувства (Offended Sensibilities). Ganieva har blitt nominert og tildelt ei rad prisar, og bøkene hennar har mellom anna blitt omsette til engelsk, spansk og tyrkisk.

Portrett av Leila Guerriero

Leila Guerriero

Argentina

Leila Guerriero (f. 1967) er journalist. Guerriero skriv fast i fleire aviser og tidsskrift, mellom anna El País (Spania). Ho har gitt ut ei rekke bøker som Una historia sencilla (A Simple Story) og Frutas Extrañas (Strange Fruit: Crónicas) og nyleg Opus Gelber. Retrato de un pianista. I 2010 fekk ho journalistprisen CEMEX-FNPI for dokumentaren “Spor i knoklar”, der ho skildrar eit argentinsk rettsmedisinsk team som reiser verda rundt for å identifisere knoklane etter ofre for militærdiktatur. Artikkelen blei publisert på norsk i magasinet Plot. Bøkene hennar er omsette til engelsk, tysk, fransk, portugisisk, italiensk og polsk.

Portrett av Daniel Medin

Daniel Medin

USA/Frankrike

Daniel Medin (f. 1975) er professor i litteraturvitskap og engelsk ved American University of Paris, der han er assisterande direktør på Center for Writers and Translators og redaktør for Cahiers-serien. Han er også medredaktør i Music & Literature magazine (Houston), bidragsytar og redaktør for The White Review (London), og kuraterer ein serie om Berlin og internasjonal litteratur ved Literaturhaus-Berlin. Daniel Medin har sete i juryen til leiande prisar for omsett litteratur (Best Translated Book Award i USA og Man Booker International Prize i Storbritannia). Han sit no i juryen for tyske HKW Internationaler Literaturpreis.

Portrett av Jonny Steinberg

Jonny Steinberg

Sør-Afrika

Jonny Steinberg (f. 1970) er forfattar og har skrive fleire bøker om kvardagen i kjølvatnet av Sør-Afrikas overgang til demokrati. To av desse vann Sør-Afrikas fremste sakprosapris, Sunday Times Alan Paton Award: Midlands, om drapet på ein kvit bonde, og The Number, ein biografi om ein gjengmedlem i ein fengselsbande. Steinberg har også fått Windham-Campbell litteraturpris, tildelt av Yale University. Han er professor i Afrika-studiar og underviser ved Oxford University.

Portrett av Ece Temelkuran

Ece Temelkuran

Tyrkia

Ece Temelkuran (f. 1973) er ein av Tyrkias mest kjende forfattarar og politiske kommentatorar. Ho var tidlegare spaltist for avisa Haberturk, før ho mista jobben som følgje av kritikken ho retta mot regjeringa. Artiklane hennar har nyleg stått på trykk i Der Spiegel, The Guardian og New York Times. Ho har gitt ut ei rekke bøker, mellom anna Turkey: The Insane and the Melancholy, Women Who Blow On Knots, The Time of Mute Swans og How to Lose A Country. Bøkene hennar er omsette til engelsk, arabisk, tysk, nederlandsk og kroatisk.

Norsk råd

Portrett av Pedro Carmona-Alvarez

Pedro Carmona-Alvarez

Pedro Carmona-Alvarez (f. 1972, Chile) er forfattar og musikar. Han debuterte med Helter, og har sidan gitt ut fleire diktsamlingar, romanar og essay. Han har vore redaktør for Cappelen Damms debutantantologi Signaler og for Verden finnes ikke på kartet, ein antologi med gjendiktingar av internasjonal samtidspoesi (med Gunnar Wærness). Bøkene til Pedro Carmona-Alvarez er omsette til dansk, tysk og engelsk og har fått ei rekke prisar, seinast P2-lytternes romanpris 2012. Han er musikar i fleire band. Neste utgiving: Refrenger (2019).

Portrett av Jan H. Landro

Jan H. Landro

Jan H. Landro (f. 1948, Noreg) er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid. Han er også tidlegare kulturredaktør i Bergens Tidende. Jan H. Landro har skrive ei rekkje bøker, mellom anna Jeg er ikke ironisk. Samtaler med Dag Solstad (2001) og Bernt Tunold. Vestlandsmålar i grønt og grått (2016). Siste utgiving: Frå Nora til Karl Ove – og 84 andre personar i norsk litteratur (2017). Landro er er også bokbadar og føredragshaldar.

Portrett av Espen Stueland

Espen Stueland

Espen Stueland (f. 1970, Noreg) er forfattar, tidsskriftredaktør, kritikar og essayist. Han debuterte i 1992 med diktsamlinga Sakte dans ut av brennende hus og har sidan gitt ut fleire diktsamlingar, essaysamlingar, gjendiktingar og romanar. I 2004 blei han kåra til ein av Noregs ti beste forfattarar under 35 år av Norsk litteraturfestival og Morgenbladet. Espen Stueland blei kåra til Årets litteraturkritiker av Norsk kritikerlag i 2005.

Portrett av Eirik Vassenden

Eirik Vassenden

Eirik Vassenden (f. 1971, Noreg) er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. Han underviser og publiserer om både eldre og nyare litteratur, er litteraturkritikar og tidlegare redaktør av tidsskrifta Vagant og Edda. Dei siste åra har han forska på litteratur og ideologi, på litteraturkritikk og litterære offentlegheiter. Eirik Vassenden har skrive fleire bøker og vore redaktør for mellom anna Norsk litterær årbok.

Portrett av Gunnhild Øyehaug

Gunnhild Øyehaug

Gunnhild Øyehaug (f. 1975, Noreg) er forfattar og lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho har skrive manus til ein langfilm og ein kortfilm, og bøkene hennar er utgitt i Danmark, Sverige og Tyskland. I 2017 kom novellesamlinga Knutar + ut i USA, og i 2018 blei romanen Vente, blinke gitt ut i same land. Vente, blinke er nominert til den amerikanske litteraturprisen National Book Award 2018. Gunnhild Øyehaug fekk Bjørnsonstipendet i 2006, Doblougprisen i 2009 og Sultprisen i 2009. Siste utgiving: Presens maskin (2018).

Del Innhald