Skip to the content

Administrasjonen

Portrett av Teresa Grøtan

Teresa Grøtan

Festivalsjef

Teresa Grøtan (f. 1974, Noreg) er festivalsjef for Bergen internasjonale litteraturfestival. Ho har bakgrunn som journalist og forfattar, og har ein Master of Arts frå University of KwaZulu-Natal i Sør-Afrika. Ho bygde opp og leia sakprosafestivalen og samtaleserien Verden i Bergen. Grøtan har gitt ut fleire bøker, sist Før øya synker (Gyldendal, 2018). Ho var redaktør for Syn og Segn og grunnla magasinet Global Knowledge. I 2013 fekk ho Blixprisen for bøkene sine for barn og unge.

Portrett av Sandra Lillebø

Sandra Lillebø

Programkonsulent (Permisjon)

Sandra Lillebø (f. 1978, Noreg) er programkonsulent ved Bergen internasjonale litteraturfestival. Ho er forfattar, kritikar og kommentator i Klassekampen. Lillebø debuterte som forfattar i 2011 med diktsamlinga Navnet på den ensomme er frigitt. I 2016 gav ho ut si andre diktsamling, Alt skal skinne og blø. Sandra Lillebø er også programkonsulent ved Litteraturhuset i Bergen og medredaktør i tidsskriftet Vagant.

Portrett av Britt Kristin Ese

Britt Kristin Ese

Kommunikasjonsmedarbeidar

Britt Kristin Ese (f. 1985, Noreg) er kommunikasjonsmedarbeidar ved Bergen internasjonale litteraturfestival. Ho har ein master i nordisk litteratur og har vore praktikant ved NRK Nynorsk mediesenter. Ese har tidlegare jobba som lærar, journalist og innan kommunikasjon, og har gjendikta ei diktsamling.

Del Innhald