Skip to the content
}

Å drepe ein forteljar

Av Gunnhild Øyehaug

Først publisert i Klassekampen

Aller siste ekstranummer på konserten som britiske PJ Harvey heldt i Oslo, den trettiande oktober 2023, enda med at artisten stod i den kvite kjolen sin åleine på scena og heldt fram handflatene sine ut mot oss i rommet, opne, tomme, og at ho song desse orda; «I got blood on my hands.» Ho heldt hendene ut mot oss ei god stund, sjølv etter at musikken hadde stansa, og alle klappa. Alle som stod i rommet og klappa visste godt at vi var i eit trygt rom, i eit trygt, rikt land. Vi visste også om at vi var i ein slags pause frå dei realitetane som fanst ikring oss; eit ufatteleg folkemord i Gaza, scener vi aldri kan få ut av hovudet når vi først har sett dei. Ein far som ber restane av barnet sitt i ein plastpose, ei mor som knuar det døde barnet sitt til brystet, ein liten gut som sit dekt i støv frå bomberegnet og skjelv ustanseleg i føtene, bror hans sit like dekt i støv og prøver å roe skjelvinga med å legge handa på foten hans, men veslebroren opnar handa og ser; han har blod inni handa, han blir redd. PJ Harvey, der står ho oppe på den trygge scena, i den vestlege verda, med ein kvit kjole, og held hendene sine fram for oss, og syng, i akkurat denne verdstimen, vil at dette skal vere dei siste orda vi høyrer før vi går ut i snøen, at ho har blod på hendene sine. Eg veit ikkje om alle i rommet følte det, men eg følte det også, der eg klappa, med hendene mine.

*

Eg hadde akkurat lese Adania Shibli sin roman En liten detalj. Adania Shibli er den palestinske forfattaren som skulle få Liberaturpreis 2023 under Frankfurtmessa, men som Frankfurtmessa bestemte at måtte vente med å få den på grunn av Hamas sitt åtak på Israel sjuande oktober 2023. «En liten detalj» hadde blant anna overvelda meg med dette: skam over kor lite eg faktisk visste. Eg visste at palestinarane har vore utsett for kronisk urett sidan dei vart fordrivne frå sitt eige land – men visste eg at dei levde i eit sterkt segregert samfunn? Eg som hadde grine meg gjennom Mandela sin kamp på åttitalet, som barn, og ikkje forstod at det var mogleg at det gjekk an, i mi samtid, at menneske vart segregerte på grunn av rase, eg hadde roa meg heilt ned då apartheid vart avskaffa der og tenkt at no går verda framover? Å lese En liten detalj rokka ved denne oppfattinga mi på ein så sterk måte at når PJ Harvey song «I got blood on my hands», då var det mi eiga uvitenheit eg kjende renne skamraud ned mellom fingrane.

Den palestinske forfattaren Isabella Hammad skildrar ei tilsvarande aha-kjensle blant vestlege forfattarar som besøkte litteraturfestivalen The Palestine Festival of Literature; vestlege forfattarar som, som meg, ikkje var ukjende med konfliktane, men som ikkje hadde forstått rekkevidda, konsekvensen, i røynda. Ho skriv, i essayet «Recognizing the Stranger», om ei gruppe forfattarar som får besøke Palestina og som opplever det som eit farvel til ei uskuld: «Dei sa ting som «Ungdomen min er borte» og «Eg har gått gjennom ei dør og den er slått igjen bak meg». Dette var ikkje ein gong menneske som måtte stige over frå ein annan politisk posisjon; dei kom til Palestina med eit ønske om å lære. Dei besøkte Hebron, og såg dei patruljerande soldatane, nybyggarar med vakter, dei besøkte den øydelagde byen al-Lydd; dei kom seg gjennom sjekkpunkta, dei reiste gjennom Jerusalem og kryssa over fram og tilbake til Vestbanken, dei lytta til draps-statistikken, og fengslingane og natte-raida».

Eg besøkte altså ikkje Palestina, eg las berre «En liten detalj». Ikkje hadde eg brukt studietida mi på postkoloniale litteraturperspektiv heller, eg las poststrukturalisme og dekonstruksjon, og skreiv hovudoppgåve om den franske forfattaren Arthur Rimbaud, som faktisk reiste til Afrika og moglegvis dreiv med våpenhandel etter at han slutta å skrive – utan at det siste opptok meg så mykje, eg ville finne ut korleis han brukte maskespel i tekstane sine, korleis han uttrykte ein eksistensiell klaustrofobi gjennom det eg kom til å kalle ein inderleg ironi. Tjue år seinare følger eg nervøst Shibli sin hovudperson, ein namnlaus eg-forteljar, rundt i ein bil inn i eit område ho eigentleg ikkje har tillating til å reise inn i, på jakt etter informasjon om ei beduinjente som ho har lese om i ein avisartikkel. Beduinjenta vart valdteken og drepen av israelske soldatar i 1948, etter Nakba, «katastrofen», vekkdrivinga av palestinarane, ei historisk dokumentert hending. Jenta er ein liten detalj i ei lang historie, som forteljaren i romanen bestemmer seg for å leite opp og gjere til den eigentlege hovudhistoria. Men forteljaren blir raskt overvelda av problema, sjekkpunkta ho må passere, grensene ho må stige over som ho ikkje kan stige over, fordi ho ikkje har tilgang over dei; «så jeg kjører den lille, hvite bilen tilbake til huset mitt, der jeg får anledning til å tenke grundig gjennom prosjektet mitt. Kan hende slutter jeg omsider å forfølge slike dumdristige og risikable tanker, kvitter meg med troen på at jeg kan avdekke nye detaljer om voldtekten og drapet sett fra jentas ståsted, ikke bare støtter meg til utsagn fra soldatene som forgrep seg på henne, slik journalisten som skrev artikkelen gjorde».

Det er for det første overveldande å lese dette, når ein på nyheitene har sett folk sitte på toppen av endelause haugar av støvete ruinar, grimete støvete ansikt, å lese om korleis ein i det daglege livet sitt, utanom og før sønderbombinga og folkemordet, lever med bombevarsel, at ein må opne vindauga for å unngå at dei knuser når bomba treffer men at det medfører at rommet blir nedstøva etter bombinga, det er for det andre overveldande å lese om korleis forteljaren skaffar seg eit ID-kort ho ikkje har tilgang til for å kome seg inn i eit område ho ikkje har lov til å reise til, for å oppsøke eit museum så ho kan skaffe seg kunnskap om det området den valdtekne beduinjenta vart funnen i. Ikkje lov til å reise til. Eg tenker på korleis det hadde vore for meg om eg måtte skaffe meg eit ID-kort for å få lov til å reise til Oslo for å gå på Nasjonalbiblioteket, det er utenkeleg. Eller at eg fordi eg har norsk pass ikkje enkelt kunne reise dit eg ville i verda, det er utenkeleg, eg tek det for gitt.

«Jeg håper forresten at det ikke ble pinlig eller kleint da jeg nevnte hendelsen med han soldaten, eller kontrollposten, eller når jeg røper at vi er okkupert her», seier forteljaren, til lesaren, i ei typisk rørsle for Shibli; ironisk, mild, flomlysande heilt enkle, absurde fakta. Dei er okkuperte, det finst ein sjanse for at det blir «kleint» når ein seier frå om det.  

*

For akkurat denne romanen fekk altså Shibli Liberaturpreis 2023. Liberaturpreis: Det er eit prisnamn det er verdt å stanse opp i tre sekund og tenke over. Ordet «literatur» har fått ordet for «fridom» poda inn i seg, gjennom det latinske «liber», som tyder fri. Oppretta vart prisen for å nettopp heidre omsetjinga av stemmer som ikkje så lett finn vegen fram i offentlegheita i Tyskland. Den blir kvart år under Frankfurtmessa gitt til eit skjønnlitterært verk skrive av kvinnelege forfattarar frå Afrika, Asia, Latin Amerika og den arabiske verda, og kom til som ein respons på det faktum at omsetjingar av skjønnlitterære verk skrivne av kvinner frå desse delane av verda er svært underrepresentert på den tyske bokmarknaden, heiter det på prisen sine heimesider, Litprom.de. Det er ein frigjeringspris; den skal frigjere, sleppe gjennom, ei stemme. For Adania Shibli, som fekk prisen for ein roman som handlar om å gi stemme til ei jente som ikkje noko sinne fekk sagt noko om seg sjølv, trass i tvilen; «kort sagt finnes det ingen som helst grunn til at jeg skal føle meg ansvarlig for henne, føle at hun er uten betydning, en som ingen noensinne vil høre stemmen til», som aldri fekk fortald si historie til verda, men som vart valdteken og drepen og deretter fortalt om som ein liten detalj i ei større nyheitssak, må denne kneblinga ha vore ironisk i ytste potens.

Verre blir det når ein les at Litprom, som deler ut prisen under Frankfurtmessa, først prøvde å framstille det slik at Shibli var samd i at å utsetje pristildelinga ville vere ein god idé. Det viste seg å vere usant; Shibli sa at om ho hadde fått kome (ein samtale ho skulle ha med omsetjaren sin på same messe vart også avlyst), hadde ho brukt høvet til å reflektere kring rolla litteratur kan spele i slike vonde og smertefulle tider som desse. Shibli sin amerikanske forleggar, Babara Epler i New Directions, protesterte i eit ope brev: «Å avlyse seremonien og å prøve å stilne Adania Shibli si stemme – ´på grunn av krigen i Israel´ – er feigt. Men å seie at Shibli var samd (midt i all lidinga i Gaza) er verre”. Litprom korrigerte opplysingane sine – ein vil no ikkje finne den originale utsegna (også publisert i New York Times, som også har korrigert artikkelen sin). I eit ope brev trykt syttande oktober på LitHub kritiserer over 650 forfattarar, kritikarar, forleggarar frå heile verda avgjersla om utsetjinga, dei siterer Epler sitt brev, og konkluderer med at Frankfurtmessa har eit ansvar for å skape rom for palestinske forfattarar, ikkje stenge dei ute.

*

Shibli sjølv var stille. Ho sa faktisk ingenting om korleis ho opplevde dette på fire veker, før ho i eit intervju med John Freeman i The Guardian seier: «Dei siste fire vekene har språket forlate meg». Ho seier vidare: «No forstår eg dette tapet av språket som eit resultat av å leve med smerte; den uforståelege smerta til dei i Palestina-Israel som har fått ei heilt ny grad av vondskap sleppt laus over seg, den personlege smerta som kjem av tapet av draumen der vi våga å sjå for oss ei ny form for samvere på, der vi tillet oss å lære frå smerte snarare enn å vende den valdsamt mot andre.» Ho seier også at dette kravet om at ho skal snakke, frå tallause media, har fått henne til å innsjå at vi brukar å «redusere stillheit til noko som må bli avvist, heller enn å anerkjenne stamminga som noko som følgjer med smerten. Litteratur er, for meg, den einaste staden som aksepterer stillheit».

*

Stillheit er det som opnar romanen til Shibli, og lyden av skot er det som endar han. Den uendelege sandstilla finst i byrjinga og slutten. I mellom finst søket etter stemma, etter å få sagt det som er umogeleg, det som er for smertefullt, og det som likevel må seiast. Her er opninga:

Luftspeilingen var det eneste som rørte seg i det vidstrakte, golde åslandskapet som lå stablet lag på lag opp mot himmelen. Den skarpe ettermiddagssolen visket ut linjene mellom de gule åskammene, og man kunne bare så vidt skjelne den uklare horisonten som slynget seg over åsryggene med spinkle skygger av tørre, tornete blodtopper og steiner. Det var ikke annet å se, bare den tørre, uendelige Negev-ørkenen i trykkende augustvarme.

Romanen er delt i to om lag like store deler; første del er ei tredjepersonsforteljing der hendinga med beduinjenta blir sett utanfrå, korleis soldatane finn henne, kva dei gjer med henne, kvar ho hamnar (nedgravd i sanden). Del to er ei førstepersonsforteljing, der ein eg-forteljar les om denne hendinga som føregjekk på dagen tjuefem år før ho vart fødd, og korleis ho bestemmer seg for å prøve å finne ut meir om jenta, og fortelje frå hennar perspektiv. Det skal altså vise seg at det ikkje er så lett å få tak i informasjon; del to blir ei labyrintisk, nervøs reise over grenser og forbod. Og trass i at begge delane har jenta som siktemål, hennar historie, kjem ho ikkje til orde i nokon av delane; i første del er ho ein bifigur, i andre del er ho eit mål som ikkje blir nådd. Jenta, som i avisartikkelen var ein liten detalj, og hennar stemme, er per definisjon unåeleg, ho er, etter romanen er ferdig, like knebla.

Det heilt særmerkte med denne todelte forteljinga, er at også forteljaren blir taus idet romanen endar, slik alle forteljarar blir tause etter siste punktum er sett, men her: forteljaren har tatt seg inn i eit ulovleg område, har gått ut av bilen sin ved ørkenen der jenta blei gravlagt, ho går bortover sanden, og oppdagar nokre kamelar lenger borte – og soldatar. Ho har plukka opp ein patron ho har funne i sanden, og blir redd: «Jeg må roe meg ned, og det med en gang. Det kommer ikke til å gå bedre hvis jeg er anspent nå. Og så er det jo en patron jeg står med i hånden, jeg åpner fingrene og lar den falle mykt ned i sanden». Soldatane ber henne om å stå heilt stille, men forteljaren er så uroleg at ho grip etter ein tyggegummipakke ho har i lomma, og her er romanens siste ord, les dei ikkje om du ikkje vil vite korleis det går, men då kan du heller ikkje lese resten av essayet, du kan på dette tidspunktet stanse, gå og lese romanen, og kome tilbake hit, og så kan du få repetert romanens aller siste ord, som altså er desse: «Og plutselig er det som om en sviende flamme borer seg gjennom hånden min, og så brystet, etterfulgt av den fjerne lyden av skudd». Og så blir det heilt stille.

*

Rett før Litprom og Frankfurtmessa si avgjersle om å utsette tildelinga av prisen, og å avlyse samtalen ho skulle ha der, stod det ein artikkel om «En liten detalj» i den venstreorienterte tyske avisa Die Tageszeitung, kjent også som TAZ. Ingressen spør: «Kan ein utmerke ein roman som framstiller Israel som ei mordmaskin?» Journalisten Carsten Otte meiner her at Ulrich Noller, som forlet Litprom-juryen i protest mot tildelinga av prisen til Shibli, fordi han meinte at boka fremja antisemittiske haldningar (på grunn av framstillinga av dei israelske soldatane som valdtok og drap beduinjenta) og forfattaren Maxim Biller, som melde En liten detalj i Süddeutsche Zeitung og meinte at den var ulitterær, palestinsk propaganda, ikkje går langt nok. Denne artikkelen har vore sitert før, mellom anna i Klassekampen, men det er ein detalj som har falle ut i gjengjevinga av saka til Otte; nemleg det at Otte refererer til forteljaren til Shibli i En liten detalj som ein «palestinsk eg-forteljar». Biller meinte, skriv Otte, at «...at boka som endar med det symboltunge mordet på den livredde palestinske eg-forteljaren utført av eit par ansiktslause, namnlause, brutale israelske soldatar, gjer romanen til slutt til berre eit stykke ulitterær propaganda». Det er første gong eg har høyrt ei spesifikk nasjonalitetsplassering i forteljarperspektivet (aldri før har eg til dømes høyrt eg-forteljaren i Madame Bovary omtalt som ein fransk eg-forteljar). Kva skjer så med den autorale forteljaren i første del, kva nasjonalitet har i tilfelle han? Løysinga er her, for Otte, å kalle stilen ein «fransk eksistensialprosa i autoralt perspektiv». Bortimot umerkande oppstår det altså her ei inndeling i førstepersonsforteljarar og tredjepersonsforteljarar, der det skal vere mogleg for nasjonalitetstilhøyrigheit å ta bustad i eg-forteljarane, men ikkje i tredjepersonsforteljarane? Kva hender då med kva litteratur er?

Om vi tek eit anna døme: Korleis skal ein lese boka «Weep not, Child», av den kenyanske forfattaren Ngugi Wa Thiongo – burde ein kalle forteljaren hans, som har ein slags implisitt eg-forteljar (fordi det er tydeleg at han kjenner kulturen han fortel om frå innsida) trass i tredje-personsperspektivet, ein «kenyansk forteljar», og burde ein som kvit kjenne seg mistenksam mot han, fordi han skildrar dei kvite sine maktovergrep mot svarte? Skulle ein ikkje kunne lese til dømes dette avsnittet «You could never tell what these people would do. In spite of the fact that they were all white, they killed one another with poison, fire and big bombs that destroyed the land. They had even called the people to help them in killing one another. It was puzzling”, utan å meine at han er partisk, fordi han sjølv (som ein kenyansk forteljar) er svart, og at kritikken hans (som kjem fram gjennom ironi) derimot er farga av hans eige, nasjonale perspektiv? Tanken er absurd, ikkje berre fordi vi som kvite etter kvart har lært oss at vi fortener alt raseriet og har meir enn nok å svare for, men også fordi det ikkje gir meining å lese ei forteljarstemme lausriven frå eit komplekst, språkleg samansett univers der stemme, stil, språklege bilete, perspektiv, syntaktisk rytme, dramaturgisk oppbygning, alle er delar av ei meiningsdanning som motverkar, med all si samansette kraft, det eintydige. Ja, ein kan bli litt trøytt av å seie dette. Men det må seiast.

Men det at Shibli sin forteljar blir skoten i siste scene nullar ut det litterære, for Biller, og for Otte. Det er ikkje uvanleg at forteljarstemmer sluttar å snakke etter at siste punktum i romanen er sett. Men akkurat denne måten å stilne forteljarstemma er så effektfull for Otte at det litterære går tapt for han. Men kva slags litterær stemme har vi med å gjere, når det endar slik? Korleis kan ein eg-forteljar som vert skoten fortelje om seg sjølv og sin eigen (moglege) døds-augneblink i retrospekt, eit retrospekt som attpåtil føregår i presens, mens vi les? Er dette ikkje sjølve kjenneteiknet på skjønnlitteratur, at det er ei stemme som er bortrykt frå det eintydige, som har ein grunnleggande kompleksitet, og ein grunnleggande ambivalens i seg? Når stemma i Shiblis roman fortel i siste linje at skota treffer henne i handa, og i brystet, skulle ein jo kunne tenke at medvitet endar der, men stemma registrerer også at den sviande flammen i handa og brystet blir «etterfulgt av den fjerne lyden av skudd». Den stemma som snakkar her, både den som slepper ein patron i sanden, den som registrerer den flammande smerten, og etterpå, «den fjerne lyden av skudd» snakkar utanfor og forbi presensmodusen i språket. Det er eit litterært skapt nærvêre, frå ei grenselaus stemme.

Som forfattar blir eg mildt sagt uroleg av å lese desse skuldingane om propaganda, særleg når det er basert på ei feil-lesing av den diametralt splintra slutten (forteljaren blir skoten framfor auga på oss; men snakkar). Men så blir det verre. Otte, som har etablert at romanen nyttar seg av ein palestinsk eg-forteljar, og brukt dette som eit argument for å ta livet av ideen om ei skjønnlitterær framstilling, vil understøtte sitt eige argument om propaganda ved å peike på at Adania Shibli kan kallast ein BDS-aktivist. Underforstått: Er ein aktivist, driv ein med propaganda – i alle fora? BDS står for «Boycott, Divestment, Sanctions» og er ei rørsle som arbeider for å få slutt på internasjonal støtte til israelsk undertrykking av palestinarar, heiter det på heimesida deira, og å presse Israel til å følgje internasjonale lover. TAZ-journalist Otte argumenterer med at Shibli har skrive under på BDS-boikottopprop: i 2007 skreiv ho under på eit opprop som samanliknar Israel med Sør-Afrika sitt apharteidregime, «ein klassikar i moderne anisemtittisme», i følgje Otte.

Adania Shibli gjekk til sak mot TAZ for desse skuldingane. Ho ville at setninga «I denne kortromanen er alle israelarar anonyme valdsmenn og drapsmenn, medan palestinarane er offer (…). Valden mot israelske sivile kjem difor heller ikkje fram, sidan valden blir framstilt som eit legitimt middel i frigjeringskampen mot okkupanten. Dette er den ideologiske og også menneskeforaktande basisen for boka» skulle strykast frå artikkelen til Otte, ho ville ikkje kallast ein BDS-aktivist, og viste til at ho i fleire essay har tatt til orde mot kulturell boikott som verkemiddel. Shibli tapte i retten, og TAZ gjengjev saka slik: «Siger for TAZ og meiningsfridom». Adania Shibli har anka.

*

Kva er ei luftspegling? Det oppstår når varm luft gir ei spegling av himmelen på bakken. Verda verkar opp ned. Sanden som opnar og sluttar romanen En liten detalj er det som uroar meg mest, her eg sit og ser på hendene mine. Løftar eg hendene mine opp framfor ansiktet ser dei så sandaktige ut, dei ser ut som om dei har tenkt å smuldre opp viss eg ikkje samlar dei saman, prøver å seie noko om dette, om kva som hende då Adania Shibli blei tildelt Litproms Liberaturpreis 2023, om kva som kan hende om vi ikkje hegnar om den staden Shibli snakkar om, skjønnlitteraturen som den einaste staden som aksepterer stillheit, skjønnlitteraturen som ein stad der grensene kan trakkast over, inn i noko håpefullt, oppløftande, utvidande, der stemmer som ikkje kan snakke, kan snakke.  

Del Innhald