Skip to the content
}

Ruth Lillegraven om oppløysing

Agnete Brun

Ruth Lillegraven kjem til LitFestBergen i februar. Ho skal lese dikt på Poetisk punkgalla, halde føredraget Vegar i litteraturen, og ho deltek på skuleprogrammet.

Når du høyrer ordet oppløysing kva er det første du då tenker på?
– Oppløysing, ja, det er jo eit ord som kan kjennast litt negativt ladd, det er noko ubehageleg over det: ein kropp kan gå i oppløysing, eit land, eit liv, ein plan. Sjølv ser eg for meg noko som løyser seg opp i vatn. Og skal ein vere positiv, kan oppløysing også innebere noko positivt, at ein løyser opp knutar, band, reimer, fjernar stengsel.

Korleis vil du relatere oppløysing til di eiga skriving?
– Når eg tenkjer på oppløysing og eiga skriving, slår det meg at eg aldri har vore så oppteken av vasstette skott mellom sjangrar, eller særlege reglar for korleis til dømes dikt skal vere, men latt det flyte litt over i kvarandre. Og så øver eg meg på å la planar og tankar elles gå litt i oppløysing når eg skriv, å berre sjå kvar teksten vil leie meg, la teksten vere den som fører dansen.

Kva ser du mest fram til med å delta på festivalen?
– Eg ser veldig fram til å møte den deilige blandinga av lesande publikum, forfattarkollegaer og andre bokfolk som ein treffer på festivalar som dette. Sjølvsagt ser eg fram til å få med meg ein del av det rikhaldige og imponerande programmet. Og så ser eg fram til å vere på litteraturfestival i Bergen for aller første gong.

Del Innhald