Skip to the content
}

Ledig stilling som prosjektleiar

Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) presenterer norsk og internasjonal litteratur av høg kvalitet. Festivalen er kjenneteikna av eit litterært, språkleg, kulturelt og geografisk mangfald, og etter seks år er vi godt etablert. Heilårsstaben består av festivalsjef og to medarbeidarar, i tillegg samarbeider vi med staben på Litteraturhuset i Bergen, der vi har kontor. Vi har eit dedikert styre og nyttar aktivt innspel og idear frå vårt nasjonale og vårt internasjonale kunstnariske råd. Festivalen har eit veksande internasjonalt nettverk, og satsar særskilt på å skape ein møteplass for norsk og internasjonal litteratur. LitFestBergen nyttar nynorsk eller engelsk i all kommunikasjon.

Noverande medarbeidar tar til sommaren over som dagleg leiar på Litteraturhuset og vi søker derfor prosjektleiar i 100% fast stilling.

Oppgåver
  • Budsjettarbeid, søknad- og rapportskriving
  • Programarbeid i samarbeid med festivalsjef og andre kollegaer
  • Kommunikasjonsarbeid
  • Andre oppgåver kan tilkomme stillinga ut frå behova til festivalen og interessene til den aktuelle kandidaten.
Kvalifikasjonar
  • Erfaring frå prosjektleiing innan litteratur/kulturverksemd
  • Nøyaktig og fleksibel
  • God datakunnskap, spesielt Excel
  • Særs gode språklege evner på nynorsk og engelsk
  • Høgare utdanning
  • Stor arbeidskapasitet
Ønska kvalifikasjonar
  • Erfaring frå kommunikasjonsarbeid (t.d. Adobe-pakka og sosiale medium)
  • Nettverk i norsk og internasjonalt litteraturmiljø
  • Kunnskap om andre språk utover engelsk
Vi tilbyr
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stor grad av sjølvstende
  • Kreativt og ope arbeidsmiljø
  • Moglegheit for nasjonale og internasjonale reiser
  • Løn etter avtale

Søknadsfrist 11. mars 2024

Søk her

Del Innhald